Knarvikmila 2016

Posted by Knarvikmila on 7. Oct 2015



Knarvikmila 2016 vert arrangert frå 27. august - 4. september 2016. Det vert ein del endringar på programmet for 2016. Detaljar om desse endringane finn ein under kvart arrangement. Dei viktigaste endringane er at Halvmarathon vert arrangert på søndag og 5km/10km vert arrangert på lørdag. Nytt i 2016 er også FjordViking. Ein kan kalla seg Fjordviking ved på delta på KnarvikXtrem , 10km og halvmarathon. Fjordviking erstattar Fjordkonge, Fjorddronning, Fjordprinsesse og Fjordprins. NB! Eiga påmelding for FjordViking der ein melder seg på alle 3 løpa samla. Meir om FjordViking finn ein ved å gå inn på arrangementet.

Påmelding er no starta!

DU KAN MELD DEG PÅ HER!



Filmer på YouTube

Posted by Knarvikmila on 15. Sep 2015



Vi har lagt ut ein del filmer på YouTube både frå i år og frå tidlegare år. Desse finn du her.
Dette er filmer som Knarvikmila har laga, men det er også filmer som andre har tatt opp og lagt ut på YouTube.


Resultat - Knarvikmila 2015

Posted by Knarvikmila on 4. Sep 2015




Ein vil etterkvart som dei ulike løp vert arrangert, legge ut link til resultat på Eqtiming.
Linken finn ein under menypunkt Resultat. Ein kan også gå direkte til Eqtiming sin resultatservise og finne resultata der.

På denne linken finn ein resultat og bilde ved passering av mål på Halvmarathon.


Program for Knarvikmila-helga 5. og 6. september

Posted by Knarvikmila on 28. Aug 2015




Tidsplan laurdag 5. september 2015

Kl. 10.00-12.00 Gratis frukost i Nordhordlandshallen
Kl. 09.30-12.00 Etterpåmelding KnøtteMila
Kl. 09.30-12.55 Etterpåmelding MiniMila
Kl. 09.30-12.30 Etterpåmelding MX Sport Fjord Norway Half Marathon
Kl. 10.00-16.00 Messa opningstid
Kl. 11.15 Opning av Knarvik stadion ved ordførar Astrid Byrknes
Kl. 11.30 Helsing frå Presidenten i det Europeiske Friidrettsforbundet, Svein Arne Hansen
Kl. 11.40-12.00 Konsert Mathilde Spurkeland
Kl. 12.15 Start KnøtteMila
Kl. 12.45 Opning av MX Sport Fjord Norway Half Marathon/MiniMila ved Knut Arild Hareide
Kl. 13.00 Start MX Sport Fjord Norway Half Marathon
Kl. 13.10 Start MiniMila
Start rekkefølgje: 7kl, 6kl, 5kl, 4kl, 3kl, 2kl, 1kl
Puljestart pr 2minutt
Kl. 13.50 Trekning av hovudpremiane for KnøtteMila og MiniMila ved Knut Arild Hareide
Kl. 14.40 Konsert Kløver og Skarre R
Kl. 15.00 Skulekorps konsert med Eikanger Bjørsvik
Kl. 15.15 Premieutdeling MX Sport Fjord Norway Half Maraton
  • Premieutdeling MX Sport Fjord Norway Half Marathon – 3 beste kvinner og menn TOTALT
  • Premiering klassevinnarar (inne i NH hallen)

Tidsplan søndag 6. september 2015

Kl. 10.00-16.00 Messa opningstid
Kl. 10.00-11.30 Henting av startnummer Regionsmesterskapet i Kondisjon for Håndballen Nordhordlandshallen
Kl. 10.00-11.50 Henting av startnummer og etterpåmelding NaturMila i Nordhordlandshallen
Kl. 10.00-12.00 Henting av startnummer og etterpåmelding 5 km i Nordhordlandshallen
Kl. 10.00-12.00 Henting av startnummer YT-stafetten i YT-Teltet
Kl. 10.00-12.40 Henting av startnummer og etterpåmelding 10 km i Nordhordlandshallen
Kl. 11.00-12.20 Start NaturMila
Kl. 11.30 Opning av KnarvikMila ved Ordførar Astrid Byrknes
Kl. 11.45 Helsing i frå Norges Håndballforbund ved Trygve Johnsen
Kl. 12.00 Start Regionsmesterskapet i Kondisjon Håndballen
Kl. 12.25 Start YT-stafetten
Kl. 12.30 Start 5 km
Kl. 13.10 Start 10km
Kl. 14.00 Premieutdeling
  • Vinnarlaga Regionsmesterskapet
  • Vinnarlaget YT-stafetten
  • 3 beste kvinner og menn totalt for 5 km (utdeling av klassevinnar premiar på eigen stand i Nordhordlandshallen)
  • 3 beste kvinner og menn totalt for 10 km (utdeling av klassevinnar premiar på eigen stand i Nordhordlandshallen)
Kl. 14.30 Konsert Datarock
Kl. 15.00 Premieseremoni med ulike innslag
Trekning av hovudpremiar, mellom anna bilen: Citroen C4 Cactuz ved Øystein Haugland, Åsane Auto AS


Her finn du program for Knarvikmila-helga 5. og 6. september.(PDF-fil)



Program for konferansen er klar

Posted by Knarvikmila on 11. Jun 2015



Programmet for Dagskoferansen er nå klar. Konferansen vert i år arrangert på Nordhordland Folkehøgskule tirsdag 1. september. Tittel «Frå suksess til nedtur og vegen opp att – motivasjon, målsetning, handling».

Ein har også i år klart å få på plass eit fantastisk flott knippe av foredragshaldarar, Per Fugelli , Dag Kaas, Astrid Urenholdt Jacobsen og Eirik Bertrand Larsen.

I tillegg til den vanlege kongeransen vert det eit eige opplegg som vi har kalla «Vestlandseventyr».
Her kjem Lasse Ståløy – Radøygruppen, Petter Krantz – Kaland & Partners og Grethe Hjetland - HighSoft og fortel om sine bedrifter og korleis ein har fått til suksess.


Meir om konferansen og påmelding finn ein her.

Konferanseinvitasjon på PDF



Thorbjørn Ludvigsen klar for Knarvik Xtrem 26. august.

Posted by Knarvikmila on 26. May 2015



Vinnaren av Knarvik Xtrem 2014 Thorbjørn Ludvigsen, er klar for Knarvik Xtrem 26. august. Også vinnar av dameklassen 2014 Eli Anne Dvergsdal er klar for løpet. Påmeldinga er nå godt i gang.Ein kan melde seg på her.


I Knarvikmila Magasinet har vi ein artikkel om Thorbjørn Ludvigsen. Den kan du finne her.


"Vil du ha ren idrett?"

Posted by Knarvikmila on 30. Apr 2015

Onsdag 6.mai vert det møte i Amfiet på Knarvik Ungdomsskule kl 1900. Tema er "REN IDRETT".





KnarvikmilMagasinet kom ut torsdag 23. april.

Posted by Knarvikmila on 22. Apr 2015

Her kan du lese heile magasinet:

KnarvikmilMagasinet var vedlegg til BT torsdag 23. april. Magasinet vart også heildistribuert i Nordhordland og Åsane. I magasinet kan ein finne mykje godt stoff om Mila, men også fleire spennande artikklar, konkurransar,kryssord osv.


Det er billegast å melda seg på tidleg

Posted by Knarvikmila on 21. Apr 2015



Påmelding til KnarvikMila sine arrangement 2015 er i gong. Det er billegast å melda seg på tidleg. Meld deg på før 30. april og spar pengar!
Meld deg på her!


Trening på Knarvik Stadion

Posted by Knarvikmila on 7. Apr 2015



Vi starter med fellestrening på Knarvik Stadion tirsdag 7.april kl. 18.00.


5 km

Posted by Knarvikmila on 6. Apr 2015

Er du klar for halvmila?

5 km er ein lett og bilfri trasé med start og mål på Knarvik stadion.

Meld deg på!

Dato: 6. september

Start: 12:30

Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn.

Distansen er klasseinndelt med premie til kvar klassevinnar.

Ungdom/junior: 12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.

Løypekart 5km:



Spørsmål og svar

Posted by Knarvikmila on 25. Mar 2015

Spørsmål og svar om KnarvikMila

Kva lurar du på?



1. Kor startar og sluttar løypene? Alle løypene har start og mål ved Knarvik Stadion.



2. Kva for prisar har de for påmelding? Prisar finn de her.



3. Kva for distansar kan ein melde seg på som familie? Det er NaturMila og Bergen Fjord Tour



4. Kva er fristen for etterpåmelding? Fram til ein halv time før start.



5. Kvar kan eg melde meg på? Her kan du melde deg på.



6. Kan eg få refundert påmeldinga? Nei.



7. Kan eg bruke eigen chip? Nei. Ein må bruke chip lagt inn i startnummer.



8. Kor og når kan eg etterpåmelde meg? Ein kan etterpåmelde seg mot eit påmeldingsgebyr i Nordhordlandshallen fredag 2. September (16 – 20) og i Nordhordlandshallen 3. og 4. September frå kl 10. Ein kan også etterpåmelde seg på online.



9. Kor kan eg hente startnummer? I Nordhordlandshallen (like ved stadion) fredag 2. September (16 – 20), lørdag 3. sept. kl 10 – 16 og søndag 4. september kl 10 og fram til start.



10. Kor er kafeteriaen? I Nordhordlandshallen.



11. Kor er garderobane? I Nordhordlandshallen og ved bana.



12. Kva aldersgrense er det? På HalvMarathon må ein være 15 år (født i 2001). På 5 km og 10 km må ein være 10 år (født i 2005). Inga aldersgrense på NaturMila og Bergen FjordTur.



13. Kan andre hente startnummeret mitt? Ja, men husk at rett person får rett startnr.



14. Er det langt frå Nordhordlandshallen til Knarvik Stadion? Nei, Nordhordlandshallen ligg like ved Knarvik stadion der det er start og målgang for alle løp.



15. Er løypene merka og fri for trafikk? Alle løyper er godt merka og fri for trafikk. Utrykningskjøretøy vil ein sjølvsakt sleppe inn på løypa.



16. Er det drikkestasjoner i løypene? Det er drikkestasjoner i alle løypene. På HalvMaraton er det 5 drikkestasjoner med drikke og bananer.



17. Er det lege på løpa? Det vil være lege til stede på alle løpa. I tillegg vil Røde Kors ha mannskap i løypa og ved start/mål.



18. Er det tidsfrist på løpa? På HalvMaraton ,5 km og 10 km er det ikkje tidsfrist. På naturmila må alle være komme I mål til kl. 15. På Bergen FjordTur må alle være i mål til kl. 17.



19. Kan ein ha med hund i løypa? Nei. Dette gjelder også NaturMila. Grunnen er sikkerheit og helseplager – som for eksempel astma og allergi.





Påmelding 2015

Posted by Knarvikmila on 25. Mar 2015

Klikk her for å melde deg på til KnarvikMila/Minmila/Knøttemila.

Pris for påmelding .

Inkludert i påmeldingsprisen er ei lisensavgift. Meir om denne kan ein lese her.

DistanseInnan 30. aprilInnan 30. juniInnan 2. sept.Etterpåmelding
MiniMila/Knøttemilakr. 100kr. 100kr. 100kr. 200
HalvMarathonkr. 300kr. 350kr. 400kr. 500
Knarvikmila 10 Kmkr. 180kr. 230kr. 250kr. 350
Knarvikmila 5 kmkr. 180kr. 230kr. 250kr. 350
NaturMilakr. 100kr. 150kr. 150kr. 250
NaturMila-Familie 1)kr. 200kr. 300kr. 300kr. 500
FjordTur 2)kr. 150kr. 200kr. 200kr. 300
FjordTur – Familie 2)kr. 300kr. 400kr. 400kr. 600
1) Familie vert rekna som maks 2 vaksne og born født i 2000 eller seinare.
2) FjordTur Innan 27. august.
.
YT-Stafett : kr. 1.500. (Inga etterpåmelding)

I tillegg kjem det eit administrasjons gebyr på kr 15 pr. påmelding. Gebyret er til leverandøren

av påmeldingssystemet. Påmeldinga er bindande.

Er du medlem i Kondis eller har BT får ein rabatt på påmeldingsprisen.

  • Kondis gir kr 25 – 50 i rabatt.
  • BT gir kr. 50 i rabatt

Minimla/Knøttemila : kr 100
Dobbel pris for etterpåmelding.

Eigne prisar for KnarvikXtrem.



Knarvikmila med nye internettsider

Posted by Knarvikmila on 25. Mar 2015




Knarvikmila ha nyleg lansert nye internettsider. Ein håpar at at det vert enda enklare å finne fram til det ein søkjer.


Glimt frå Knarvikmila 2014

Posted by Knarvikmila on 25. Mar 2015



Vi har laga til eit magasin med glimt frå Knarvikmila 2014. Her har vi samla alle artiklar som Avisa Nordhordland hadde frå Knarvikmila. Knarvikmila-2014.pdf Det er i PDF-format tilpassa tosidig visning.


Trening til Mila

Posted by Knarvikmila on 24. Mar 2015



Er du klar for felles mosjons- og treningskveldar? Vi startar opp førstkomande mandag den 2. mars. Oppmøte på Knarvik stadion kl. 19.00. Kvar måndag og torsdag kl. 1900. Inndeling i grupper – 2 gå- og 2 løpsgrupper. Alle som ønskjer det, får treningsprogram tilpassa sitt nivå. Gratis å delta. Alle er velkomne til sosial fellestrening!


Powered by: Bloc