Påmeldinga er no opna

Posted by Knarvikmila on 25. Nov 2016

Påmeldinga for Knarvikmila 2017 er no godt i gang. Så langt er det over 1000 som er meldt på.
Du finn den her.

Meld deg på no og spar pengar, samt få eit dagskort hjå Voss Resort med verdi kr. 410,-! Voss Resort gjer vekk gratis dagskort med verdi kr. 410,- til dei 3000 første påmeldte på KnarvikMila. Dagskorta vert levert ut på KnarvikMessa i september 2017 og gjeld for sesongen 2017/2018.

KnarvikMila er eit av Norges største kultur – og idrettsarrangement
ca 15.000 besøkande i 2016 - Ca. 8000 deltok på sjølve løpa i 2016.





Film frå Knarvikmila 2016

Posted by Knarvikmila on 20. Oct 2016

Det vart laga eit par filmar frå Knarvikmila 2016 som no er lagt ut på Youtube. Ein finn film frå lørdag 3 sept. her. Ein finn film frå søndag 4. september her. Filmane er laga av VISU AS ved Eugen Lillelid.



Knarvikmila 2017

Posted by Knarvikmila on 19. Oct 2016

Start 10km 2016 (bilde :kondis.no)

Ein er godt i gang med planlegginga for arrangementet i 2017. Det vert eit par endringar frå 2016 til 2017.

  • Bergen Fjordtur vert flytte til våren og til lørdag 17. juni. Vi trur dette vil bli ei fin oppleving i eit flott sommarver.
  • KnarvikXtrem vert flytta inn i sjølve knarvikmilhelga til fredag 1. september. Stafett og barneløp går då ut av arrangementet. Det vert berre kort og lang løype.
  • Ein har også valgt å endra på nokre starttider på søndag.

For detaljer sjå kvart enkelt arrangement.

Påmelding startar ca 1. desember



Tidsplan for helga 3. og 4. september

Posted by Knarvikmila on 1. Sep 2016

TIDSPLAN LØRDAG

Kl. 10.00-17.00 Messa opningstid

Kl. 10.00-14.30 Henting av startnummer / etterpåmelding

  • Regionsmesterskapet i Kondisjon (10.00-12.00)
  • YT stafetten (10.00-12.30)
  • 5 km (10.00-13.30)
  • 10 km (10.00-14.30)

Kl. 12.30 Start Kondisjonsmesterskap Håndball & Fotball

Kl. 13.00 Start YT-stafetten

Kl. 13.25 Premieutdeling

Kl. 14.00 Start 5 km

Kl. 14.05 Premieutdeling

Kl. 15.00 Start 10km

Kl. 15.15 Premieutdeling

  • 3 beste kvinner og menn totalt for 5 km (utdeling av klassevinnar premiar på eigen stand i Nordhordlandshallen)

Kl. 15.50 Eikanger Bjørsvik - konsert frå scenen – ca 25 min

Kl. 16.20 Premieutdeling

  • 3 beste kvinner og menn totalt for 10 km (utdeling av klassevinnar premiar på eigen stand i Nordhordlandshallen)

TIDSPLAN SØNDAG

Kl. 10.00-16.00 Messa opningstid

Kl. 10.00-12.00 Gratis frukost i Nordhordlandshallen

Kl. 10.00-14.30 Henting av startnummer / etterpåmelding

Kl.11.00-13.30 Start NaturMila

Kl. 11.45 Start KnøtteMila

Kl. 12.15 Start MX Sport Halv Maraton

Kl. 12.25 Start MiniMila – ny løype ,ca 1200 meter

Kl. 14.30 Skateshow ved scenen

Kl. 14.40 Konsert – Fenrik Lane

Kl. 15.00 Premieseremoni

Kl. 15.15 Utdeling av hovudpremiane – trekt på startnummer



Bergen Fjordtur 27. august 2016

Posted by Knarvikmila on 27. Aug 2016

Bergen Fjordtur er godt i gang. Det vart etter kvart flott ver , og mange glade fjes i Knarvik Senter tyder på at det vart ein flott tur frå Bryggen elller Rolland Skole. Resultata kan ein finne her.



Resultater KnarvikXtrem

Posted by Knarvikmila on 25. Aug 2016

Resultat frå KnarvikXtrem finn ein her.



Gratis busser Knarvikmila

Posted by Knarvikmila on 23. Aug 2016

Her er oversikt over gratisbusser til Knarvikmila. Det er gratis busser sett opp både lørdag 27. august i samband med Bergen FjordTur og busser sjølve knarvikmilhelga 3. og 4. september.



Kle deg som ein vinnar

Posted by Knarvikmila on 9. Aug 2016

Vel, ein kan kanskje ikkje kle seg til seier i Knarvikmila, men det kan likevel vere lurt å begynne å planlegge kledninga til løpet. Dagleg leiar ved MX Atleten i Knarvik, Bjørn Blomvågsnes, har sjølv delteke på Knarvikmila fleire gonger. Erfaringa hans er at ein bør tenke fornuftig kring vêrvarselet.– Om det er varmt spring ein gjerne i ein kort tights og ein singlet. Det er tilrådd å bruke teknisk tøy som transporterar sveitte og fukt. Unngå bomullstekstilar inst til kroppen då denne typen tekstil absorberer fukt. Om det er kaldt så tar ein heller ein lang tights, og regnar det i tillegg kan ein jo velje vassavvisande tights og jakke, seier han.

Han er kjapp med å føya til at det likevel er betre å legge ut på løp med dei kleda ein har, enn å sitte heime.

– Eit godt, lett og komfortabelt tøy dekker dei fleste behov.

For nokon er «selfie-sticken» blitt heilt naudsynt.


Gå ut skoa i framkant

Dei færraste treng å gå til innkjøp av nytt tøy til denne type løp. Om ein likevel skulle trenge nye sko eller plagg, bør ein teste desse på førehand.

– Det er definitivt og lurt å gå inn skoa i framkant og sjå at dei fungerer før du legg ut på eit langt løp. Bruk gjerne ein god springestrømpe for å unngå gnagsår og at dei sklir ned undervegs.

Han har òg ei klar meining om kor ein bør investere pengane sine.


Store prisskilnadar

– Ein blir ikkje skada av feil tøy, men ein kan bli skada ved bruk av feil sko. Det er store skilnadar på dei ulike prisnivåa. Dei som trener mykje er ofte veldig medvitne, medan mosjonistane som gjerne har større behov for sko som hjelper dei i gang, høyrer ikkje alltid på råda våre, men går gjerne etter utsjånad og pris, seier treningsentusiasten.

At skoen har tilstrekkeleg demping, er tilpassa springesettet og korrigerer utslag på springsteget er nokre av funksjonane Blomvågsnes legg vekt på i val av sko.

Om du vurderer å spandere på deg nye springesko i framkant av Knarvikmila, har Blomvågsnes delt sine beste tips her.

Startskotet frå fjoråret løp. Her gjeld det å helde posisjon!


Er vasstett eigentleg best?

Dei fleste av løpa går på asfalt, men for dei som skal gi seg ut på stafetten i Knarvik Xtrem 24. august kan det vere behov for andre eigenskapar.

– På asfalt er det behov for demping og å avlaste foten, medan når ein spring i terreng har ein behov for godt feste, og at ein ikkje skal gli. Mange ønskjer vasstette sko, men desse kan vere vanskelege å få vatnet ut av skoen att, forklarar han. Eigne preferansar og ønskjer bør vere avgjerande.


Sjekkliste til løpet:

  • Ein lett og komfortable treningsbukse/tights
  • Overdel tilpassa vêret
  • Gode sko
  • Springestrømper kan vere ein fordel. Du vil ikkje at naboen skal passere deg medan du trekk opp sokkane som har sklidd ned i skoen
  • Pulsklokka eller digital klokke til å halde auge med tida for dei som vil ”perse”
  • Sveitteband eller hanskar til å tørke bort sveitte
  • God sports-bh for kvinnene. Plaster på brystvortene mot gnaging for menn
  • Blir det knallvêr kan det vere lurt å ha med seg solbriller eller ein caps som skuggar for sola

To lukkelege menn som har passert mållinja.





– Kva kan eg gjera for andre?

Posted by Knarvikmila on 13. Jul 2016

Marco Elsafadi har spilt 18 år i eliteserien i basketball. Foto: Mette Randem


Ein tilfeldig fotballinteressert postmann vart redninga for flyktningen Marco Elsafadi og brødrane. No vil han at vi alle tenker over kva vi kan gjere for å gi andre ein betre kvardag.

– Kva kan eg gjera dei neste 24 timane som betrar livskvaliteten til ein person? Kven ville du hjupe og kva ville du gjort, spør Marco Elsafadi.

39-åringen er kjend som basketballspiller, programleder og vinnar av «Mesternes mester». Han har fått pris for «Årets forbilde», starta «New Page» og reiser Noreg rundt med foredrag. Han kjem til KnarvikKonferansen for å snakke om kva idretten kan bety for integrering og gjensidig respekt mellom ulike land og kulturar. Eit tema han brenn for etter eigne opplevingar som palestinsk flyktning. Etter mange år i flyktningeleir i Libanon flytta familien til Berlin. Der brukte Marco og brørne mykje tid på å spele fotball i gata.


Marco Elsafadi kom som flyktning til Kragerø og Noreg som 10-åring. Takka vere fotballen vart han fort integrert. No reiser han rundt i landet og held foredrag om relasjonar. Foto: Pål Laukli

Postmannen i Berlin

– Ein dag kom det ein postmann som lurte på kvifor vi ikkje spelte organisert. Han fekk oss inn i ein klubb og kjørde oss til å frå trening, då vi ikkje hadde bil. Då vi flytta til Kragerø i 1987 blei fotballen starten på integreringa. Etter ei veke var vi med i ein klubb, lenge før skulen eller noko anna formelt var på plass. Då eg begynte på skulen, kjende eg allereie halve klassen, for dei spelte på fotballaget. Det viser kor viktig fritidsinteresser er for intergreringa, seier Elsafadi.

Han meiner postmannen i Berlin hadde avgjerande betyding for hans livsveg seinare. Etter 18 år som elitespelar i basketball og grunnleggar av New Page, brenn han for å betre kommunikasjon mellom menneske og minne folk på å kor lite som skal til for å gi andre ein betre velkomst.

– Mitt hovudbodskap er «kva gjer du for fellesskapet». Den første kontakten husker du for resten av livet. Eg hugsar framleis Anita og Anita som spurde meg om å være med å hoppe tau då eg kom til Kragerø. Det kan vere så enkelt som å be den nye naboen på kaffi eller invitere nokon med i sjakklubben, seier Elsafadi.

Skape møteplassar

Han fortel at han får mange gode tilbakemeldingar når han er ute og held foredrag om temaet.

– Eg seier ingenting folk ikkje veit frå før. Vi lever i vår eigen verden og tar for gitt at alle har det bra, seier Elsafadi.

Han er oppteken av å lage arenaer der folk trivast. Faste møteplassar der ein skapar eit fellesskap.

– Ingen klarer seg heilt aleine. Fellesskap er motgift for einsemd, føler ein seg ikkje inkludert, kan det dra med seg andre kjipe kjensler, understreker han og legg til at det same gjeld i idretten.

– Utan det sosiale er idretten heilt forgjevas, etter mi meining. Det handlar ikkje berre om å vinne, men å skape godt samhald som eit lag. Dei gongene vi har vunne NM har vi gjort det fordi det har fungert både på parketten og i garderoben, understreker Elsafadi.


Les meir om konferansen:


Onsdag 31. august er han ein av mange som skal ha foredrag på KnarvikKonferansen på Fløyen. Hovudtema for årets konferanse er «Idretten sin verdi sett i eit internasjonalt og nasjonalt perspektiv». KnarvikKonferansen blir i år arranget for 20. gong. Foto: Arne Ristesund



Slik held du treningsmotivasjonen oppe

Posted by Knarvikmila on 8. Jul 2016

Klikk her for å melde deg på KnarvikMila.

Freistar solstolen meir enn å springe ein tur? Vår samarbeidspartner og personlege trener Svein Roar Kvamme gir deg tips om korleis du kan halde treninga ved like i sommar.

1. Finn nokon å trene i lag med!

Lag avtalar med vener eller andre om å trene. Å trene saman med nokon kan gjere treninga trivlegare, samstundes som det forpliktar meir.

2. Set deg eitt konkret mål

Set deg eitt mål som er så konkret som mogleg, og som verkeleg betyr noko for deg. Om du ser for deg noko du brenn for å få til er det enklare å kome seg over dørstokkmila dei dagane sofaen freistar som mest.

Døme på gode mål:

  • Gjennomføre KnarvikMila eller eit anna mosjonsarrangement. Meld deg gjerne på då det forpliktar litt ekstra!
  • Gå ned x kilo i vekt.
  • Sette personleg rekord i ei øving eller din lokale løperunde.

3. Set deg delmål på vegen og lønn deg sjølv.

Av og til kan hovudmålet synast fjernt og langt fram i tid. Set deg gjerne delmål på vegen og premier deg sjølv når du når desse. Kanskje med nytt treningsutstyr eller ein betre middag?

Gi deg sjølv ein premie om du til dømes

  • Greier å trene tre gonger i veka i ein månad.
  • Greier å «perse».
  • Når ein milepåle.

4. Få hjelp til å sette saman eit fornuftig treningsregime

Mange er ekstremt motiverte når dei starter å trene, og er kanskje litt i overkant ambisiøse når det gjeld treningsmengde og intensitet. Vi har alle ulike treningsbakgrunn, og det er difor viktig å ha riktig progresjon og intensitetsstyring i treninga. Engasjer gjerne ein personleg trener for å legge opp ein fornuftig treningsplan som tar omsyn til utgangspunktet ditt og dine mål.

5. Invester i godt utstyr

Gode joggesko tilpassa ditt løpssteg er viktig for å unngå skader når du trener. Skader og smerter ein av dei største grunnane til at folk slutter å trene. Gode treningsklede og «gadgeter» som pulsklokke og aktivitetsmålar kan òg vere med å skape ekstra motivasjon til å gjennomføre treninga.

6. Tren om morgonen!

Ved å trene rett før eller etter frukost i ferien kan du med god samvit nyte resten av dagen og dei aktivitetane som måtte følge med.

Så set deg eitt mål og meld deg på KnarvikMila her!


Lukke til!



Sko deg rett til trening

Posted by Knarvikmila on 22. Jun 2016


Treningstøy skal vere funksjonelt, halde deg tørr og få deg til å yte maksimalt på trening. Val av riktig skotøy er likevel det aller viktigaste.

– Skikkelege sko er alfa og omega. Brukar du ikkje løpesko som passar foten din, risikerer du å bli skada og satt ut av trening, seier dagleg leiar i MX-sport Atleten, Bjørn Blomvågnes.
Han er ikkje i tvil om at han heller ville lagt nokre ekstra kroner i gode sko enn å kjøpa det aller nyaste innan treningstøy.
– Treningsklede er sekundert, seier han og understrekar at gode sko er med på å motverke skadar.

Slik vel du riktig løpesko
Det fins i hovudsak to typar sko for trening – ein nøytral og ein stabil sko. Korleis fotstillinga di og fotbuen din er, er avgjerande for kva sko du skal velje. I tillegg bør du ta omsyn til kva type underlag du skal springe på.
– Ein sko skal korrigere løpssteget ditt på best muleg måte, seier Blomvågnes.

Still deg sjølv følgjande tre spørsmål:

  • Kvar spring du?
    Dersom du spring på asfalt, treng du sko med god demping. Er du helst i terreng, er det viktig med sko som har godt grep og ei meir slitesterk overflate.
  • Kor ofte trenar du og kva slags type trening er det snakk om?
    Trenar du ofte, bør du ha ein god og stabil sko med bra demping. Spesielt viktig er det å finne ein sko som gjer at du førebygg og reduserer skadar, spesielt i kne og rygg.
  • Kva type fot har du?
    Det er tre hovudgrupper å dele føtene inn i: nøytral, flat og høg fotbue. Har du nøytral fotbue kan du bruke nesten kva som helst type løpesko. Er den flat har du behov for løpesko med god stabilitet som støttar opp fotbuen din og har du ein høg fotbue, treng du sko med ekstra god støtdemping og liten bevegelseskontroll.

– Hjelp til å finne ut kva fot du har og kva sko som passar deg får du i sportsbutikkane. Vi har denne kompetansen og er kontinuerleg på kurs for å friske opp kunnskapen slik at vi kan hjelpe deg å finne dei rette skoa, fortel Blomvågnes.

Ekstra motivasjon
Sjølv om treningstøy bør komme i andre rekkje, skal ein ikkje undervurdere kjensla av komfort og det å ta seg godt ut. God passform, fukttranspoterande innerst og vind- og vannbeskyttande ytst er gode råd når ein skal kle seg for ein treningstur.
– Mange kjøper også treningstøy som ein ekstra motivasjon. Eg har tru på at det å føle seg fresh og fin kan ha positiv verknad på drivkrafta til å trene, seier Blomvågnes.

Og skulle du vere i tvil på kva som er in i år, kan vi røpe at det er sterke, klare fargar som gjeld.



Trening med meining

Posted by Knarvikmila on 22. Jun 2016


For nokon betyr trening meir enn andre. Les dei sterke historiene om korleis fysisk aktivitet har endra livet til desse tre:


Flaks + flaks + god kondisjon redda livet

Svein Inge Wold frå Vik i Sogn har hatt ei solid dose flaks i livet. Påskeaftan i fjor gjekk den spreke karen ein lang skitur på Vikafjellet. Det var nydeleg vêr og mykje folk, sidan det tradisjonelle påskeskirennet gjekk av stabelen samstundes. Etter ein flott fjelltur ville 62-åringen ta seg ein ekstra runde i den oppkøyrde løypa. Der stumpa han med hjartestans, utan noko som helst forvarsel.

– Eg hadde heilt utruleg flaks. Alle marginar var på mi side, seier Wold, som tilfeldigvis blei fort oppdaga av forbipasserande.

Både AMK og Røde Kors, som allereie var til stades, blei varsla. Dei første som kom starta hjarte- og lungeredning, før Røde Kors kom med hjartestartar, og det vart satt inn til saman fem støyt. I mellom 30 og 40 minutt jobba dei med den livlause kroppen før pulsen kom att.

– Tilfeldigvis var ein dansk hjartespesialist vikar på legekontoret i Vik i påska. Han hadde tatt med seg familien på ski på fjellet, og hadde eigentleg litt dårleg samvit, sidan han var på vakt, seier Wold, som så vart frakta til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse. Tilstanden var framleis kritisk sidan den eine lunga hadde kollapsa av den harde medfarten under hjarte- lungeredninga, difor vart blodet ført ut av kroppen og rensa gjennom ein respirator. Etter fem dagar i koma vakna han, og etter kort tid var han på beina. Legane meinte det var noregsrekord i rekonvalesent då han starta dagleg trening og deltok (som mosjonist) i tre fjell-løp etter berre ein månad.

Vikjen har vore aktiv heile livet, med ski, skiskyting, fotball, jakt og turar.

– Eg fekk mange beskjedar på Haukeland om at den gode formen eg var i var med på å redda meg, men aller mest takk til alle dei flinke folka som kom til så fort og som starta så kjapt med hjarte- lungeredning, seier Wold, som no er like aktiv som før.

Vendepunktet: Eg er den same som før, men har verkeleg fått erfare kor viktig det er å være i god form. Det er ein av grunnane til at eg overlevde.

Mitt mål: Å fortsatt være aktiv og ikkje setja meg ned fordi eg eg redd det same skal skje igjen.

Slik held eg motivasjonen: Eg er utruleg glad i naturen, anten det er skiturar, fotturar eller jakt. Det gjev meg mykje. Det same å reise rundt med dei flotte skiskyttarungdomane vi har her i Vik.

Beste treningstips: Rett og slett å komme seg opp av sofaen og ut.

Svein Inge Wold frå Vik i Sogn var ein aktiv kar i god form då kan plutseleg stuppa med hjartestans på Vikafjellet. Foto: Privat


Krefter til trening trass kreft

Gjennom heile livet har Mangar Løvik frå Knarvik vore aktiv. Det var han også dagen før han skulle opererast for kreft i mandlane – og mens han låg på isolat.

69-åringen merka at noko var gale då han ikkje klarte å opne munnen, men legane meinte det ikkje kunne vere noko alvorleg sidan har var i så god form. Etter at han fekk kreftbeskjeden i januar 2015, har han vore gjennom cellegift, stråling og opphald på isolat. Der bad den aktive karen om å få sykkel inn på rommet. Etter vel 40 år med trening klarte han ikkje tanken på å vere i ro.

– Dei blei litt overraska, for dei hadde ikkje opplevd det før. Eg klarte så vidt å trå rundt, og utfordringa var å ikkje bruke meir energi enn det eg fekk i meg, seier Løvik.

At det fysiske heng i hop med det psykiske er han heilt sikkert på. Trening og turar i skogen har vore avgjerande for at han har takla sjukdomen. Rundt 1. juni i fjor kunne han for alvor starte å springe igjen, saman med gamlekarane i «Lettere til fots».

– Sjølv om eg berre klart ein halv kilometer, var det heilt fantastisk, seier han.

– At eg har komen så raskt attende er takka vere den forma eg var i og den eigeninnsatsen eg la ned i perioden. Å aldri gje opp er alfa og omega, seier Løvik, som no er i betre form enn før han blei sjuk. Sjukdomen har også forandra han på anna vis:

– Eg bryr meg ikkje lenger om små problem. Å vere så langt nede har heilt klart forandra meg, eg er blitt ein annan person, seier sprekingen frå Knarvik.

Vendepunktet: Då eg klarte å ta den første løpeturen, det var ein merkedag med blanda kjensler. Eg kjente kor svak eg var, samstundes som eg hadde sett fram til den dagen i eit halvt år.

Mitt mål: Å springe 5-kilometeren på KnarvikMila. Det har eg ikkje gjort på ei stund og er det eg har satt meg som mål i år.

Slik held eg motivasjonen: Å trene er ein sterk driv i meg og var det som dreiv meg tilbake. Eg sa heile tida til meg sjølv «dette skal eg ikkje gje opp».

Beste treningstips: Bruk naturen. Det gjorde meg veldig godt å kome meg ut i skogen.

Magnar Løvik frå Knarvik trenar fem gonger i veka, ein gong styrketrening og fire gonger springing. – Det har vore mange tunge tak og stundom steinhardt å kome seg ut, men eg har ein driv i meg etter å trene etter å ha vore aktiv i vel 40 år, seier han. Foto: Einar Nilsen


Fjellturen som forandra livet

Malin Frøyen Bergset frå Høyanger var dømt til eit liv i rullestol på grunn av medfødt ryggmargsbrokk og ein svulst i ryggen. Ho hadde store smerter, hadde lagt på seg og var i dårleg allmenntilstand. Trebarnsmora måtte ha hjelp av mannen til å kle på seg og gå på do, på det verste. Ein dag blei ho utfordra av familien til å bli med på ein liten fjelltur.

– Det var Mount Everest for meg. Eg har aldri strevd så mykje i heile mitt liv. Det gjekk opp for meg at eg har gøymt meg bak diagnosen og latt meg sjølv bli i dårleg form, seier 48-åringen.

Ho starta å gå rundt kvartalet, gradvis vart det meir. På fire månader hadde ho tatt av 24 kilo og fått mykje meir energi og viljestyrke. I 2013 deltok ho på sitt første løp, sidan har det blitt mange og lange løp. Mellom anna Oslo Maraton, Bergen City Marathon, Karmøy Maraton, KnarvikMila og Gran Canaria Maratòn.

– Eg har gått frå 20 meter til 42 kilometer. Det skulle ikkje vere mulig for ein med min diagnose. Sjølv om eg har store smerter, føler eg at eg no har kontroll over sjukdomen, i staden for at den har kontroll over meg. Men eg kan innrømme at det har vore knalltøft.

Nyleg var ho gjennom sin 25. operasjon. Råda Bergset har fått om å ta det med ro, har ho ikkje fulgt.

– Eg drøymde om å vere sprek og aktiv. Å berre liggje på sofaen er ikkje meg, men eg trudde ikkje eg hadde noko val. No lever eg eit fantastisk liv med joggesko, seier Bergset, som har fått mykje bra respons både gjennom familie og vener og Facebook.

– Eg er så glad og takksam. Av og til vaknar eg om natta og trur alt berre har vore ein draum.

Vendepunktet: Ein liten fjelltur som eg bestemte meg for å klare. Eg følte meg misslykka på alle punkt i livet, og bestemte meg for at eg skulle til toppen, koste kva det koste ville. Underveis gjekk det opp for meg at eg faktisk har litt viljestyrke, og at det er noko eg kan bruke.

Mitt mål: New York Marathon i 2017. Elles er det å halde meg unna rullestolen og kunne være den beste utgåva av meg sjølv.

Slik held eg motivasjonen: Eg har aldri gått tom for motivasjon, utruleg nok. Når ein har kjent at alternativet er så dårleg, er det faktisk den lettaste biten. Eg seier til meg sjølv «eg vil, eg skal, eg kan, eg må» og prøver å kome meg ut, uansett.

Beste treningstips: Når det kjem til trening er det ikkje tanken som teller, du må ta tak sjølv og ikkje vente på at nokon skal gjere det for deg. Skulle ønske at nokon hadde fortalt meg at det går an å trene, sjølv så dårleg ein er.

Malin Frøyen Bergset (48) frå Høyanger har ryggmargsbrokk og svulst i ryggen. Likevel spring ho maraton og trenar kvar dag. – Sjølv om det kostar, veit eg at eg får det betre resten av dagen, seier den spreke trebarnsmora. Foto: Arvid Fimreite/privat



spørsmål og svar

Posted by Knarvikmila on 16. Jun 2016

Spørsmål og svar om KnarvikMila

Kva lurar du på?



1. Kor startar og sluttar løypene? Alle løypene har start og mål ved Knarvik Stadion.



2. Kva for prisar har de for påmelding? Prisen aukar når ein nærmar seg Knarvikmila. Gå inn på påmelding for å finne ut kva prisen er nå. Klikk her for å gå til påmelding.



3. Kva for distansar kan ein melde seg på som familie? Det er NaturMila.



4. Kva er fristen for etterpåmelding? Fram til ein halv time før start.



5. Kvar kan eg melde meg på? Her kan du melde deg på.



6. Kan eg få refundert påmeldinga? Nei.



7. Kan eg bruke eigen chip? Nei. Ein må bruke chip lagt inn i startnummer.



8. Kor og når kan eg etterpåmelde meg? Ein kan etterpåmelde seg mot eit påmeldingsgebyr i Nordhordlandshallen fredag 1. september (16 – 20) og i Nordhordlandshallen 2. og 3. september frå kl 10. NB! Ein kan også etterpåmelde seg på online.



9. Kor kan eg hente startnummer? I Nordhordlandshallen (like ved stadion) fredag 1. september (16 – 20), lørdag 2. sept. kl 10 – 16 og søndag 3. september kl 10 og fram til start.



10. Kor er kafeteriaen? I Nordhordlandshallen og ovafor tribauna på Knarvik Stadion.



11. Kor er garderobane? I Nordhordlandshallen og ved bana.



12. Kva aldersgrense er det? På HalvMarathon må ein være 15 år (født i 2002). På 5 km og 10 km må ein være 10 år (født i 2006). Inga aldersgrense på NaturMila og Bergen FjordTur.



13. Kan andre hente startnummeret mitt? Ja, men husk at rett person får rett startnr.



14. Er det langt frå Nordhordlandshallen til Knarvik Stadion? Nei, Nordhordlandshallen ligg like ved Knarvik stadion der det er start og målgang for alle løp.



15. Er løypene merka og fri for trafikk? Alle løyper er godt merka og fri for trafikk. Utrykningskjøretøy vil ein sjølvsakt sleppe inn på løypa.



16. Er det drikkestasjoner i løypene? Det er drikkestasjoner i alle løypene. På HalvMaraton er det 5 drikkestasjoner med drikke og bananer på den siste.



17. Er det lege på løpa? Det vil være lege til stede på alle løpa. I tillegg vil Røde Kors ha mannskap i løypa og ved start/mål.



18. Er det tidsfrist på løpa? På HalvMaraton ,5 km og 10 km er det ikkje tidsfrist. På naturmila må alle være komme I mål til kl. 15.



19. Kan ein ha med hund i løypa? Nei. Dette gjelder også NaturMila. Grunnen er sikkerheit og helseplager – som for eksempel astma og allergi.



Meld deg på og spar penger

Posted by Knarvikmila on 13. Jun 2016

Meld deg på innan 15. juni og spar penger. Etter 15. juni aukar prisen for å melde seg på. Komplett prisliste for påmelding finn ein her.

Påmelding finn ein her.



Klar for å yte i år igjen

Posted by Knarvikmila on 3. Jun 2016

Ei plassering blant topp ti i fjor har gjort Sparebanken Vest sugen på betre avkastning i år. Dei er klar for ny innsats når YT-stafetten går av stabelen laurdag 3. september.


– Det var ikkje vanskeleg å få folk til å stille. Dette er sosialt og gøy samstundes som ein kjem seg i trening, seier Raymond Gripsgård.

Han sprang ein av etappane i fjor. Målet i år er å slå si eiga tid.

– Eg har så smått starta oppladinga, seier Gripsgård med glimt i auga.


Fersking på laget

I år får han også med seg ein heilt ny deltakar på laget. Marit Solheim var ikkje vanskeleg å be då ei av dei fem som stilte i fjor bestemte seg for heller å delta i halvmaraton i år.

– Det er ein fin gjeng som skal delta, så dette gledar eg meg til å vere med på, seier Solheim som innrømmer at ho kjenner litt på presset.
– Laget kom på 10. plass i fjor, i år vil vi gjere det enda betre, legg ho til.
– Vi møter ikkje opp kun for å delta. Vi har konkurranseinstinkt alle fem, understrekar Gripsgård.


Utfordrar Frende forsikring
I år er YT-stafetten flytta til laurdagen. Det håpar arrangøren gjer at enda fleire bedrifter ser sitt snitt til å stille stafettlag.

– Vi hadde det utruleg kjekt i fjor. Det vart ikkje så mykje felles trening, men deltakinga bidrog til enda sterkare fellesskap i sparebanken, fortel Gripsgård.
Det håpar han og Marit Solheim at Frende forsikring også vil oppleve. Dei utfordrar nemleg bedrifta til å melde seg på årets YT-stafett.
– Og samstundes som dei tek imot utfordringra håpar me at dei vil utfordra ei ny bedrift i regionen til å melde seg på arrangementet i september, oppfordrar dei.


FAKTA

YT-stafetten går av stabelen lørdag 3. september klokka 13.00

Den blir arrangert i samarbeid med Bedriftsidretten Hordaland og YT.

Stafetten har 5 etapper, og kvar etappe er på mellom 750 og 1 250 meter.

Stafetten er open for både bedrifter, familier og vennelag

Deltakerprisen er på 1 500 kroner per lag

Her kan du melde deg på.



Få masse inspirasjon i det nye KnarvikMila magasinet

Posted by Knarvikmila on 28. Apr 2016


No er KnarvikMila sitt digitale magasin lansert. Her finn du heile løpsoversikta, så du kan finna det løpet som passar deg best. Du kan òg lesa om korleis du bør sko deg, om Mons Ivar Mjeldesine råd om kondisjonstrening, kva du bør eta før og etter trening og ikkje minst får du treningstips som gjer deg til en betre løpar.

Få òg med deg dei sterke historiene om tre personar som har hatt ei heilt spesiell oppleving med trening.


Klikk her for å lese magasinet.



​Frå gamp til gaselle

Posted by Knarvikmila on 18. Apr 2016

Tonje Ormark (40) hatar å springe. No vil ho delta på halvmaraton under KnarvikMila.


– Eg har alltid hatt eit av-og-på-forhold til trening og har alltid hata å løpe. Verkeleg hata. Eg har masse spreke venninner, og i 2011 var eg med dei i «Birken». Det var med livet som innsats og eg tenkte at eg aldri kjem til å springe igjen, flirer 40-åringen frå Alversund.


NU!

Oppvaksen rett ved Knarvik Stadion har ho hatt folkefesten KnarvikMila rett inn i stova i mange år. Ho har gått naturløypa saman med ungane og deltok òg på milløpet i si ungdom. Ho testa litt ulike aktivitetar i oppveksten, men mista fort interessa. Då ho såg at KnarvikMila søkte etter nokon som ville komme i form, slang ho inn ein søknad.

– Det var i vinterferien, med mykje dårleg vér, stillesitting og skjermtid. Eg følte meg råtten og tenkte at NU har eg sjansen til å lære å like løping, seier Ormark.

Allereie dagen etter at ho fekk beskjed om at ho var plukka ut, trefte ho personleg trenar Svein Roar Kvamme. Ho fortalte han om korleis ho vanlegvis vert for ivrig med trening, skader seg og så stopper opp i lang tid. Dei såg óg på løpsteknikk på tredemølla.

– «Det er ikkje rart du får vondt i kne og bekken», var noko av det første han sa. Eg har alltid følt meg som ein elefant når eg spring, men nå justerte eg små ting som knekk i hofta og å ikkje lande på hælen. Svein Roar sa «nå spring du heilt perfekt, no gampar du ikkje lengre». Difor er mottoet mitt blitt «frå gamp til gaselle», flirer Ormark.


Motivasjon på topp

PT Svein Roar Kvamme har satt opp eit opplegg på tre løpeøkter og to styrkeøkter i veka. Ormark trener no tre gonger i veka samt ein tur om søndagen. Springinga er intervalløkter som skal aukast etterkvart. Målet er å stå på startstreken under halvmaraton i KnarvikMila søndag 4. september.


– Eg tok ein 3000-meters løpetest og trudde eg skulle døy. Men det er mange månader til, og følgjer eg opplegget, trur eg det skal gå greitt. Eg har to jenter på 9 og 16 som også har blitt motivert av dette. Nyleg var eg og den eldste på treningsstudio saman, for berre nokre veker sidan hadde det vore heilt utenkeleg, seier Ormark.


Teknikk viktig

Målet no er å like løping. Ho vil løpe fordi ho får ei god kjensle av det, ikkje fordi ho må.

– Då trur eg teknikken er kjempeviktig. Sjølv om det framleis er eit ork å løpe fekk eg ei utruleg positiv oppleving hos PT-en.

Med kyndig hjelp trur Ormark ho denne gongen vil klare å halde motivasjonen og treninga oppe. Før KnarvikMila skal ho delta på stafetten i «Bergen City Marathon», og det på sjølve bursdagen.

– Eg har fått sjarmøretappen på 1,6 kilometer inn til mål. At eg blir heia i mål er bonusen som gjer det levelig at eg skal løpe på bursdagen min, ler Ormark som óg planlegg å delta på milløpet på «Midnight Sun Marathon» i Tromsø.

– Eg har ein tendens til å hive meg uti ting, men eg trur at nøkkelen til at eg skal lykkast denne gongen er at eg har ein som følgjer meg opp. Eg er kjempelykkeleg for at eg får sjansen, seier ho og legg til:

– Det er sikkert fleire enn meg som har hatt negative opplevingar og trur at dei aldri kjem til å få det til. No har eg oppdaga kor mykje teknikken har å seie. Eg håpar andre våger å hive seg uti det og prøve. Kanskje ta seg ein time med ein PT og få litt starthjelp, seier ho.


Følg Tonje på vegen fram mot KnarvikMila og få nyttige treningstips ved å følge oss på Facebook.



Får deg i form til KnarvikMila

Posted by Knarvikmila on 9. Mar 2016


HENT GRATIS TRENINGSPROGRAM HER:

5 og 10 kilometer - nybegynner
5 og 10 kilometer - trent
Halvmaraton


Drømmer du om å gjennomføre ein 10 kilometer eller halvmaraton? Vår samarbeidspartner og personlege trenar Svein Roar Kvamme hjelper deg med å komme i form.

– Det er ikkje for seint å starte opptrening for å meistre eit halvmaraton i Nordhordland i september, fortel Svein Roar Kvamme.

Han har jobba på Sprek og Blid Knarvik sidan 2009. I 2012 var han ferdig utdanna personleg trenar (PT), og har sidan den gong jobba fulltid som det.

Dei tre treningsprogramma Kvamme har skreddarsydd for KnarvikMila er tilpassa to ulike nivå. Det eine programmet for deg som har sprunge litt, men aldri hatt noko systematikk i treninga – og som er klar for to til tre treningsøkter i veka. Dei to andre programma er for deg som allereie trenar litt og gjerne har deltatt i mosjonsløp tidlegare, og som no ikkje berre vil gjennomføre, men kanskje sette ny personleg rekord.

– Her er det lagt opp til tre til fire økter per veke, seier Kvamme.


Hevar melkesyreterskelen

Han har lagt stor vekt på å jobbe godt med å skape ein solid grunnmur.

– Melkesyreterskelen er den viktigaste faktoren for å prestera på lange løp, derfor er målet å heve denne gjennom heile programmet, seier Kvamme som legg til at springing er belastande for kroppen og at han derfor er opptatt av å gradvis auke mengde og intensitet slik at ein unngår skadar.

– Å halde seg frisk og skadefri er alfa omega om ein ønskjer å verte ein betre løpar, seier den erfarne springaren.

Her finn du oversikt over heile programmet.

Pallplass
Kvamme har sjølv delteke på KnarvikMila fleire gonger og dette, saman med deltaking på andre lokale løp, var ein av grunnane til at han la fotballskoa på hylla og heller satse på springing. Etter ein topp 10-plassering på 5 kilometeren i 2008, begynte han å springe meir – noko som gav gode resultat.

– Andre plass på 5 kilometeren i 2010 og siger i 2011 er minnerike og gode opplevingar å ha med seg. Ein 5. plass i NM halvmaraton – som var ein del av KnarvikMila i 2014 er også eit av høgdepunkta, fortel Kvamme.


Planlegg
i løpegruppe
Han er imponert over korleis Mila engasjerer og motiverer så mange menneske til å vere fysisk aktive. Allereie no har han fått spurnad om å hjelpe folk i form til å kunne delta på halvmaraton i september.

– Dersom fleire ønskjer individuell oppfølging og tilpassing, legg vi til rette for det, seier PT-en som òg røper at det er planar om å starte opp løpegrupper retta spesifikt mot KnarvikMila.


Kom i form til KnarvikMila du òg! Last ned treningsprogram her:
5 og 10 kilometer - nybegynner
5 og 10 kilometer - trent
Halvmaraton



Løp på Vestlandet har funne formen

Posted by Knarvikmila on 29. Feb 2016


Eddie Ebbesvik dagleg leiar i KnarvikMila.


Løp på Vestlandet har funne formen

Med springing mellom fjord og fjell og med løyper for alle har KnarvikMila funne si suksessoppskrift.

– KnarvikMila er bygd opp over mange år og er eit suksessarrangement. Eg trur grunnen er at vi har så mange ulike løp og er tilrettelagt for alle, enten ein vil springa fort eller mosjonera, seier Eddie Ebbesvik, dagleg leiar i KnarvikMila.

Mellom 24. august og 4. september verdt Nordhordland sitt største kultur- og idrettsarrangement arrangert for 34. gong. I fjor var heile 8000 deltakare med på idrettsfesten. Frå starten i 1982 har KnarvikMila blitt meir og meir profesjonalisert og inneheld meir enn bare springing. Kultur, konsertar, seminar og messe er mellom anna det som gjer seinsommarveka til ein folkefest for fleire enn dei som er glade i å springe fort eller langt.

Sjåheile programmet her:

Fjord og fjell

I fjor hadde arrangementet deltakarer frå 28 land og fire kontinent. Løpsturistane kjem i hovudsak for dei fine løypene og den flotte naturen mellom fjord og fjell. Særleg vil Ebbesvik trekkje fram halvmaraton, der deltakarane får med seg tre bruer under turen som går både i Meland og Lindås kommune.

– Også Knarvik Xtrem er ei ekstra fin og utfordrande løype. Ein favoritt for ekstremkongen Torbjørn Ludvigsen, seier Ebbesvik.

Mila og halvmaraton

Med løp og distansar som passar dei fleste, kan KnarvikMila by på gode opplevingar for alle – uansett alder og form. Ei nyheit for dei aller tøffaste er Fjord Viking. Det er tittelen ein får om ein deltek på både Knarvik Xtrem onsdag, (lang løype), 10 kilometer laurdag og halvmaraton sundag.

– Her har vi allereie fått ein del påmelde, så dette vert spennande, seier Ebbesvik.

Sundag vert familiedag, der ein fyrst kan starte dagen med gratis frukost, før dei minste kan ikle seg startnummer og delta i MiniMila eller KnøtteMila. Etterpå vil Ebbesvik anbefale NaturMila, om ikkje ein halvmaraton lokkar. Sundagen vert avslutta med konsert og trekning av dei flotte premiane. Då blir det stort folkefest.

500 frivillige

KnarvikMila vart starta i 1982 av eldsjel og primus motor Helge Brekke, og vert arrangert av friidrettsklubben FIL-AKS77. I 2015 var 500 frivillige i sving. Som medarrangørar er 14 ulike lag og foreininga. Alt av overskot går attende til lokalsamfunnet.

– KnarvikMila betyr mykje for lokale lag og foreiningar og gjer at vi til dømes kan bidra til nye anlegg. Eit eksempel er Brekkeløypa, som er eit folkehelsetiltak i regionen med 600 brukarar i snitt kvar dag, seier han.


YT-stafetten

Som tidlegare eliteløpar har Ebbesvik sjølv kjent spenninga på starstreken og gleda i målgang mang ein gong. Sjølv har han berre delteke to gonger i KnarvikMila, og då ikkje i si aktive karriere.

– Eg har alltid sett på KnarvikMila som er kvalitetsarrangement og ei morosam totaloppleving, seier Ebbesvik, som ville vald å springe saman med gode vener i YT-stafetten om han hadde hatt tid til å springe sjølv.

Kvifor bør folk ta turen til Knarvik denne veka?

– Det er god stemning og ei oppleving å ta med seg. Å springe saman med mange andre er ei er oppleving i seg sjølv. I tillegg har vi flotte premiar som vert trekt på startnummer, her i blant ein el-bil. På sjølve KnarvikMila-helga har vi messe i Nordhordlandshallen med mykje flotte tilbod frå våre samarbeidspartnarar. Søndagen vert ein fin dag for familien, der det er lagt til rette for kjekke aktivitetar for store og små heile dagen, seier Ebbesvik.



Registration for 2017

Posted by Knarvikmila on 4. Jan 2016

Knarvikmila in 2017 - 1th - 3th of September.

Regstration for 2017 has started. You can register here.

We have a new price you can win, FjordViking. You get this "title" if you participate in KnarvikXtrem 1th of September, 10k on Saturday 2th of September and the Halfmarathon Sunday 3th of September.



Powered by: Bloc