Påmelding Knarvikmila før 1. mai - spar penger

Posted by Knarvikmila on 24. Nov 2017

Meld deg på Knarvikmila 2018

Meld deg på no og spar pengar, samt få eit dagskort hjå Voss Resort med verdi kr. 410,-!

Det er billeg å melda seg på før 1. mai! Gratis dagskort til dei 1000 første(vi har no passert  700). Dette gjeld distansane: Knarvik Xtrem, KnarvikMila 5 km, KnarvikMila 10 km, KnarvikMila halvmaraton og NaturMila. Dagskortet gjeld for sesongen 2018/2019 og kan hentast på KnarvikMessa på arrangementsdagane.


*) Familie vert rekna som maks 2 vaksne og 2 born født i 2000 eller seinare. Kr. 100,- pr ekstra utover dette

Dersom du er medlem i Kondis får du kr. 40,- i rabatt for påmelding på 10 km, og kr. 80,- i rabatt for påmelding på halvmaraton.Det tilkjem eit administrasjonsgebyr på kr. 15,- pr påmelding til leverandøren av påmelding- og tidtakningssystemet.Norges Friidrettsforbund krev lisens frå alle deltakarar som er mellom 13 (frå det året ein fyller 13) og 80 år, i arrangement i regi av lag tilknytta Norges Friidrettsforbund. Lisensen er ein forsikringsordning vedteken på NFIFs ting. Du kan velja mellom eingongslisens eller årslisens - ref www.friidrett.no/mosjon/lisens

Gratis t-skjorte til alle deltakarane i MiniMila / KnøtteMila!
Det kostar kun kr. 125,- + avgift å melda seg på MiniMila / KnøtteMila før 1. mai. Inkludert i prisen vert det ei teknisk t-skjorte frå Mizuno. Alle får medaljar i målområdet etter løpet. Alle deltakarar på MiniMila får gratis dagskort hjå Voss Resort. Du får altså verdiar for over kr. 500,- om du er tidleg ute, samt ei fantastisk oppleving med deltaking første helga i september!




Resultat Knarvikmila 2017

Posted by Knarvikmila on 1. Sep 2017

Vinner Anita Iversen Lilleskare og nr 3. Eli Ann Dvergsdal


Då er Knarvikmila 2017 godt i gang. Fredag vart Ungdomsløpet arrangert med stor deltaking (ca 2200 fulførte løpet). Fredag kveld vart KnarvikXtrem arrangert. Lørdag vart YT-stafetten, 5km og 10km avvikla og søndag er det Familiedag med Minimila/knøttemil , Naturmila og Knarvik 1/2 marathon. Resultat frå løpa finn ein her. Ein kan også følgje løpa online på EQTiming.no



Henting av startnr og etterpåmelding

Posted by Knarvikmila on 30. Aug 2017


Henting av startnr. og etterpåmelding i Nordhordlandshallen frå fredag kl 1600. Vi skal ha god kapasitet på henting av startnr., men erfaring viser vil det alltid blir litt kø i timane rett før løpa. Det kan difor vere lurt å hente startnr. litt tidleg eller dagen før ,om ein har høve til det. 

Etterpåmelding er mogleg fram til ca 30 minutt før start. Ein kan få hjelp til etterpåmelding i hallen, men det enklaste og beste er å gjere dette i god tid heime før ein kjem i hallen. Ein kan då berre hente ut startnr.

HUSK : PRISEN AUKAR 1. SEPTEMBER.

Nordhordlandhallen er open slik:

  • Fredag : 1600 - 2030
  • Lørdag : 1100 - 1700
  • Søndag : 0930 - 1600

PROGRAM 1. sept - 3. sept.

FREDAG
Kl. 18.10 - Start Knarvik Xtrem kort løype
Kl. 18.30 - Start Knarvik Xtrem lang løype
Kl. 19.10 - Premieutdeling kort løype
Kl. 20.15 - Premieutdeling lang løype
LØRDAG
Kl. 13.00 - Start YT-stafetten
Kl. 14.00 - Start 5 km 
Kl. 14.05 - Premieutdeling YT stafetten
Kl. 15.00 - Start 10km
Kl. 15.15 - Premieutdeling 5 km 
Kl. 16.20 - Premieutdeling 10 km 
Kl. 16.30 - Trekning av Mizuno gåvekort kr. 5000,- x 2
Kl. 17.00 - Start Funksjonærløpet NATURMILA
Kl. 17.15 - Start Funksjonærløpet 5km + 10km
SØNDAG
Kl.11.00-13.30 Start NaturMila
Kl.11.00 - Start KnøtteMila 
Kl.11.30 - Start MiniMila
Kl.12.00 - Start MX Sport Half Marathon
Kl.15.00 - Premieseremoni




KnarvikMil Avisa 2017

Posted by Knarvikmila on 21. Aug 2017

Nå er KnarvikMila Avisa ute. Her finn du all informasjon om Knarvikmila 1. - 3. september. I tillegg er det mange flotte og spennande artikklar og ikkje minst konkurransar og kryssord med flotte premiar. Avisa vert distribuert i perioden tirsdag 22. august - 25. august. Får du den ikkje i postkassen kan du lese den her.



Bergen Fjordtur - Resultat

Posted by Knarvikmila on 17. Jun 2017

Sara-Rebekka mot mål i Knarvik.

Då var Bergen Fjordtur historie for denne gong. Det var flott turver og mange kom i mål i Knarvik Senter før regnet sette inn. Det var totalt 268 som meldte seg på Turen. Det var 242 som kom i mål. Dette er omtrent på same nivå som tidlager år når det gjeld deltaking. Det var Sara-Rebekka Færø Linde som kom først i mål blant dei som sprang heile vegen frå Bryggen til Knarvilk. Ho brukte 1.58.18 på dei 26 tøffe kilometrane med ca 1000m stigning. Resultat frå turen finn ein her.



Spar penger - meld deg på tidleg

Posted by Knarvikmila on 27. Apr 2017

Melder du deg på tidleg kan du spare penger. Husk det er GRATIS dagskort på VOSS RESORT til dei 3000 første som melder seg på. Påmelding her for løpa 1. til 3. september.

HUSK! Du kan vinna flotte premiar, trekt på startnr bl.a ein Ford Focus Electric(verdi kr.270.000).

Påmeldingspriser 2017:



Magasinet er ute

Posted by Knarvikmila on 24. Apr 2017

KnarvikMila magasinet 2017 er nå lagt ut. I tillegg til informasjon om sjølve Knarvikmila er det mange gode artiklar. Du finn magsinet her:




Bergen Fjordtur 17. juni

Posted by Knarvikmila on 16. Feb 2017


Påmelding heilt fram til start

Påmeldinga til Bergen Fjordtur lørdag 17. juni er nå godt i gang. Bergen FjordTur er ein turmarsj på ca. 26 km. Traseen går frå Bryggen i Bergen(Thon Hotel) til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (14km). Det er ingen tidtaking på turen. Det er eigen løpsklasse med tidtaking og premiering.

Ein finn meir informasjon om Bergen Fjordtur her.



Trekningsliste Lotteri Brekkeløypas venner

Posted by Knarvikmila on 12. Jan 2017

Trekninga i Lotteri Brekkeløypas venner er nå utført. Det var Espen Vesterås som vann hovudpremien , reisegåvekort med verdi kr. 5.000. Gunnlaug Ulvik vart trekt ut som vinnar av 2. premie, eit gåvekort frå Knarvik Senter med verdi kr. 2.000. Resten av vinnarane finn du her. Premien vert sendt dei neste dagane

Som ein del av lotteriet vart alle som kjøpte ei heil loddbok medlemm i Brekkeløpas venner. Det er no totalt 312 personar som er medlem i Brekkeløypas venner, Imponerande. Ein kjem tilbake til når T-skjorten er klar. Det vil nok ta 14 dager til 3 veker. Dato for handlekveld med gode rabattar hjå Atleten, Knarvik Senter kjem ein også tilbake til. Pengan som ein fekk inn på lotteriet skal gå til generelt vedlikehald og ny grus i løypa.



Nyttårsmarsj - Brekkeløypa 16. januar kl 1900

Posted by Knarvikmila on 6. Jan 2017

Vi invitera med dette alle brukarar av "Brekkeløypa" - alle De som går, joggar, trenar og alle andre til Nyttårsmarsj. Denne dagen er ofisiell oppstart av "Lettare til fots 2017". "Lettare til fots" er vårt gratis treningstiilbod, kor vi tilbyr sosial fellestrening 2 gonger i veka. Gruppas trenarar er tilstades denne kvelden om ein ønskjer meir informasjon om prosjektet.

Tidspunkt: Mandag 16. januar kl. 19.00. Henting av startnr. frå kl 1830.

Møtestad: Ved gamle sekretariatet / Nordre del av Knarvik stadion

Påmelding her.

Pris kr. 100,- Medlemmar Brekkeløypas Venner kr. 0,-. NB! Medlemmer er allereie påmeldt.

  • Kun førehandspåmeldin
  • Inga tidtagning
  • Løype: Brekkeløypa.
  • Løypelengde: Ein kan velja 2-3-4 eller 5 rundar
  • Det vert Gløgg og Olden vatn ved målgang
  • Premiering til deltakarane