Trening med meining

Posted by Knarvikmila on 22. Jun 2016


For nokon betyr trening meir enn andre. Les dei sterke historiene om korleis fysisk aktivitet har endra livet til desse tre:


Flaks + flaks + god kondisjon redda livet

Svein Inge Wold frå Vik i Sogn har hatt ei solid dose flaks i livet. Påskeaftan i fjor gjekk den spreke karen ein lang skitur på Vikafjellet. Det var nydeleg vêr og mykje folk, sidan det tradisjonelle påskeskirennet gjekk av stabelen samstundes. Etter ein flott fjelltur ville 62-åringen ta seg ein ekstra runde i den oppkøyrde løypa. Der stumpa han med hjartestans, utan noko som helst forvarsel.

– Eg hadde heilt utruleg flaks. Alle marginar var på mi side, seier Wold, som tilfeldigvis blei fort oppdaga av forbipasserande.

Både AMK og Røde Kors, som allereie var til stades, blei varsla. Dei første som kom starta hjarte- og lungeredning, før Røde Kors kom med hjartestartar, og det vart satt inn til saman fem støyt. I mellom 30 og 40 minutt jobba dei med den livlause kroppen før pulsen kom att.

– Tilfeldigvis var ein dansk hjartespesialist vikar på legekontoret i Vik i påska. Han hadde tatt med seg familien på ski på fjellet, og hadde eigentleg litt dårleg samvit, sidan han var på vakt, seier Wold, som så vart frakta til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse. Tilstanden var framleis kritisk sidan den eine lunga hadde kollapsa av den harde medfarten under hjarte- lungeredninga, difor vart blodet ført ut av kroppen og rensa gjennom ein respirator. Etter fem dagar i koma vakna han, og etter kort tid var han på beina. Legane meinte det var noregsrekord i rekonvalesent då han starta dagleg trening og deltok (som mosjonist) i tre fjell-løp etter berre ein månad.

Vikjen har vore aktiv heile livet, med ski, skiskyting, fotball, jakt og turar.

– Eg fekk mange beskjedar på Haukeland om at den gode formen eg var i var med på å redda meg, men aller mest takk til alle dei flinke folka som kom til så fort og som starta så kjapt med hjarte- lungeredning, seier Wold, som no er like aktiv som før.

Vendepunktet: Eg er den same som før, men har verkeleg fått erfare kor viktig det er å være i god form. Det er ein av grunnane til at eg overlevde.

Mitt mål: Å fortsatt være aktiv og ikkje setja meg ned fordi eg eg redd det same skal skje igjen.

Slik held eg motivasjonen: Eg er utruleg glad i naturen, anten det er skiturar, fotturar eller jakt. Det gjev meg mykje. Det same å reise rundt med dei flotte skiskyttarungdomane vi har her i Vik.

Beste treningstips: Rett og slett å komme seg opp av sofaen og ut.

Svein Inge Wold frå Vik i Sogn var ein aktiv kar i god form då kan plutseleg stuppa med hjartestans på Vikafjellet. Foto: Privat


Krefter til trening trass kreft

Gjennom heile livet har Mangar Løvik frå Knarvik vore aktiv. Det var han også dagen før han skulle opererast for kreft i mandlane – og mens han låg på isolat.

69-åringen merka at noko var gale då han ikkje klarte å opne munnen, men legane meinte det ikkje kunne vere noko alvorleg sidan har var i så god form. Etter at han fekk kreftbeskjeden i januar 2015, har han vore gjennom cellegift, stråling og opphald på isolat. Der bad den aktive karen om å få sykkel inn på rommet. Etter vel 40 år med trening klarte han ikkje tanken på å vere i ro.

– Dei blei litt overraska, for dei hadde ikkje opplevd det før. Eg klarte så vidt å trå rundt, og utfordringa var å ikkje bruke meir energi enn det eg fekk i meg, seier Løvik.

At det fysiske heng i hop med det psykiske er han heilt sikkert på. Trening og turar i skogen har vore avgjerande for at han har takla sjukdomen. Rundt 1. juni i fjor kunne han for alvor starte å springe igjen, saman med gamlekarane i «Lettere til fots».

– Sjølv om eg berre klart ein halv kilometer, var det heilt fantastisk, seier han.

– At eg har komen så raskt attende er takka vere den forma eg var i og den eigeninnsatsen eg la ned i perioden. Å aldri gje opp er alfa og omega, seier Løvik, som no er i betre form enn før han blei sjuk. Sjukdomen har også forandra han på anna vis:

– Eg bryr meg ikkje lenger om små problem. Å vere så langt nede har heilt klart forandra meg, eg er blitt ein annan person, seier sprekingen frå Knarvik.

Vendepunktet: Då eg klarte å ta den første løpeturen, det var ein merkedag med blanda kjensler. Eg kjente kor svak eg var, samstundes som eg hadde sett fram til den dagen i eit halvt år.

Mitt mål: Å springe 5-kilometeren på KnarvikMila. Det har eg ikkje gjort på ei stund og er det eg har satt meg som mål i år.

Slik held eg motivasjonen: Å trene er ein sterk driv i meg og var det som dreiv meg tilbake. Eg sa heile tida til meg sjølv «dette skal eg ikkje gje opp».

Beste treningstips: Bruk naturen. Det gjorde meg veldig godt å kome meg ut i skogen.

Magnar Løvik frå Knarvik trenar fem gonger i veka, ein gong styrketrening og fire gonger springing. – Det har vore mange tunge tak og stundom steinhardt å kome seg ut, men eg har ein driv i meg etter å trene etter å ha vore aktiv i vel 40 år, seier han. Foto: Einar Nilsen


Fjellturen som forandra livet

Malin Frøyen Bergset frå Høyanger var dømt til eit liv i rullestol på grunn av medfødt ryggmargsbrokk og ein svulst i ryggen. Ho hadde store smerter, hadde lagt på seg og var i dårleg allmenntilstand. Trebarnsmora måtte ha hjelp av mannen til å kle på seg og gå på do, på det verste. Ein dag blei ho utfordra av familien til å bli med på ein liten fjelltur.

– Det var Mount Everest for meg. Eg har aldri strevd så mykje i heile mitt liv. Det gjekk opp for meg at eg har gøymt meg bak diagnosen og latt meg sjølv bli i dårleg form, seier 48-åringen.

Ho starta å gå rundt kvartalet, gradvis vart det meir. På fire månader hadde ho tatt av 24 kilo og fått mykje meir energi og viljestyrke. I 2013 deltok ho på sitt første løp, sidan har det blitt mange og lange løp. Mellom anna Oslo Maraton, Bergen City Marathon, Karmøy Maraton, KnarvikMila og Gran Canaria Maratòn.

– Eg har gått frå 20 meter til 42 kilometer. Det skulle ikkje vere mulig for ein med min diagnose. Sjølv om eg har store smerter, føler eg at eg no har kontroll over sjukdomen, i staden for at den har kontroll over meg. Men eg kan innrømme at det har vore knalltøft.

Nyleg var ho gjennom sin 25. operasjon. Råda Bergset har fått om å ta det med ro, har ho ikkje fulgt.

– Eg drøymde om å vere sprek og aktiv. Å berre liggje på sofaen er ikkje meg, men eg trudde ikkje eg hadde noko val. No lever eg eit fantastisk liv med joggesko, seier Bergset, som har fått mykje bra respons både gjennom familie og vener og Facebook.

– Eg er så glad og takksam. Av og til vaknar eg om natta og trur alt berre har vore ein draum.

Vendepunktet: Ein liten fjelltur som eg bestemte meg for å klare. Eg følte meg misslykka på alle punkt i livet, og bestemte meg for at eg skulle til toppen, koste kva det koste ville. Underveis gjekk det opp for meg at eg faktisk har litt viljestyrke, og at det er noko eg kan bruke.

Mitt mål: New York Marathon i 2017. Elles er det å halde meg unna rullestolen og kunne være den beste utgåva av meg sjølv.

Slik held eg motivasjonen: Eg har aldri gått tom for motivasjon, utruleg nok. Når ein har kjent at alternativet er så dårleg, er det faktisk den lettaste biten. Eg seier til meg sjølv «eg vil, eg skal, eg kan, eg må» og prøver å kome meg ut, uansett.

Beste treningstips: Når det kjem til trening er det ikkje tanken som teller, du må ta tak sjølv og ikkje vente på at nokon skal gjere det for deg. Skulle ønske at nokon hadde fortalt meg at det går an å trene, sjølv så dårleg ein er.

Malin Frøyen Bergset (48) frå Høyanger har ryggmargsbrokk og svulst i ryggen. Likevel spring ho maraton og trenar kvar dag. – Sjølv om det kostar, veit eg at eg får det betre resten av dagen, seier den spreke trebarnsmora. Foto: Arvid Fimreite/privat


Comments

Logg inn for å skrive en kommentar.