Bergen Fjordtur 17. juni
Posted by Knarvikmila on 16. Feb 2017
Påmeldinga til Bergen Fjordtur lørdag 17. juni er nå godt i gang. Bergen FjordTur er ein turmarsj på ca. 26 km. Traseen går frå Bryggen i Bergen(Thon Hotel) til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (14km). Det er ingen tidtaking på turen. Det er eigen løpsklasse med tidtaking og premiering.
Comments
Logg inn for å skrive en kommentar.